Thomas Dybdahl med fullt band

Gullstrupen frå Sandnes med etterlengta Nordfjord-konsert i operasalen!

Thomas Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar, og er med ei gullrekkje av nydelege album ein av landets største artistar og låtskrivarar. Vi blei betre kjende med denne unike artisten etter «Hver gang vi møtes» tidlegare i år, der han framførte flotte versjonar og blei covra av mellom andre Kjartan Lauritzen, Astrid S, Stein Torleif Bjella og Carola. Fredag 17. oktober spelar han i operasalen med sitt fantastiske band: Gard Nilssen, Lars Horntveth, Ole Morten Vaagan og Vegard Lien Bjerkan. Dybdahl har ikkje spelt på Nordfjordeid sidan Malakoff 2010, så her gjeld det å gripe sjansen!

Thomas debuterte med meisterverket «That Great October Sound» i 2002 som han vann Spellemannpris for. Det påfølgande albumet, inkludert «Stray Dogs» og «Science», har hausta kritikarros og prisar, blant anna for beste mannlege artist. Fleire av albuma hans har toppa listene, og «What’s Left Is Forever» blei også Grammy-nominert i 2015.

Førebels siste utgjeving er albumet «Teenage Astronauts» som kom ut i 2024. Det er eit samarbeid med Grammyvinnande produsent Larry Klein (Joni Mitchell, Herbie Hancock m.fl), den legendariske arrangøren Vince Mendoza (Björk, Joni Mitchell m.fl), Stavanger Symfoniorkester og tekstforfattar Edie Kuhnle Ottestad.

«Jeg er veldig glad for å kunne fortelle at jeg i 2025 er klar for Norgesturne sammen med mitt fantastiske band. Vi har masse ny musikk å vise og en haug med gamle sanger som jeg gleder meg til å synge for dere igjen. Vi ses om ikke så lenge, gleder oss!» – Thomas Dybdahl

Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Fre. 17.10 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 620,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord