BLÅ
Noregspremiere på ein ny, nordisk opera om klima og kjærleik, basert på boka av Maja Lunde.
Lengsel, sinne, kjærleik og håp. For unge og vaksne. Ei musikkdramatisk forteljing, i notid og framtid.
BLÅ av Maja Lunde er ein fantastisk roman om vatn. løgn, klimaendringar og kjærleik. Bestseljaren er både høgaktuell og medrivandre, nærast thriller-inspirert.
Opera Nordfjord, musikkteatret SAUM i København og Høgskulen på Vestlandet ved masterprogrammet Climate Change Management legg krefter, evner og ressursar saman i eit spennande miljø- og kultursamarbeid utan sidestykke! Det er ikkje kvardagskost å lage opera i samarbeid med andre land, eller med klimafakultet og utanlandske masterstudentar. Med operaen BLÅ skjer begge deler!
Vi møter Signe, som har brukt heile livet sitt på barrikadane i miljø- og klimakampen. Etter eit langt liv, der ho har prøvd å redde verda frå ei nært foreståande klimakatastrofe, seglar ho no åleine til Sør-Europa for å drepe sin livs kjærleik, Magnus – og samstundes hindre verda i å brenne opp. Magnus er ingeniør, og dei to kjempa tidlegare saman ein kamp mot klimakrisa. No har han byrja å smelte enome mengder is frå ein hemmeleg isbre, for at rikfolk skal få eksklusive isbitar i drinkane sine.
Midt i ein brølande storm over Nordsjøen, møter Signe i hallusinasjon ei jente frå framtida, Lou, som minner ho på barnet ho aldri fekk med Magnus. Signe gjenopplever den eksplosive kjærleikshistoria deira, og den heroiske kampen dei kjempa mot overutnytting av naturen. Men idealisten Signe ville ikkje finne seg i pragmatikaren Magnus sine kompromiss. Blir det hemn eller forsoning? Katastrofe eller redning?
I eit anna spor i historia, fleire tiår fram i tid, følgjer vi David og dottera Lou. Dei flakkar rundt som klimaflyktningar etter at ei brannkatastrofe oppslukte heimbyen. På desperat leiting etter resten av familien, prøver dei å overleve i skuggen av krigen som bryt ut grunna mangel på vatn.
Idé og utvikling: Ingeborg Fangel Mo. Librettist: Maja Lunde og Jesper B Karlsen. Dramaturg: Oda Radoor. Komponist: Hugi Gudmundsson. Scenograf: Signe Krogh. Instruktør: Kasper Sejersen. Lysdesignar: Michael Breiner. Lysteknikar: Ovar Holmen. Komponist: Hugi Gudmundsson
På scena: Ingeborg Fangel Mo (Signe), Magnus Berg (Magnus), Martin August Tornqvist (David) og Lene Hummelshøj (Lou)
Musikarar: Anna Klett (klarinett), Frode Andersen/Kristian Skov Hansen (trekkspel) og Matias Seibæk (slagverk)
Miljøoperaen har verdspremiere i København i mai.
Operaen passar vaksne og unge frå 16 år og oppover.
Les meir: operanordfjord.no saum.dk
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Tys. 02.09 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 10 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 350,-
Barn 150,-
Honnør 300,-
Gruppe 4+ 300,-
Student og ungdom til 26 år 150,-