Soga om Sol
Opplev musikalsuksessen på engelsk her heime før Opera Nordfjord tek med Sol til USA og feiring av utvandrarjubileet!
Musikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk gjorde enorm suksess i Operahuset Nordfjord hausten 2023.
H.M. Dronning Sonja sat i salen på premieren. Ho sa: «Dra til New York!». Og slik vert det!
1., 2., 3. og 4. oktober blir det gjensyn med Soga om Sol- på engelsk, i operahuset.
Deretter pakkar heile ensemblet kostyme og instrument og set seg på flyet til New York for å delta på den offisielle feiringa av utvandrarjubileet, «Crossings 200». Det blir framsyningar i Sjømannskirken og Scandinavia House før vidare reise til mellom anna Minnesota og Seattle.
Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter ungjenta Sol Siljegard frå Hornindal, som vert gravid etter overgrep frå storbonden Asbjørn Storhaug. Ho rømmer til Amerika saman med eventyraren Emil Hjelmeseth frå Nordfjordeid. Livet i New York gir Sol ein annan type familie enn ho kunne ha drøymt om, i teatergruppa Danny Gold’s Odditorium.
Sjølv om musikalen er inspirert av opplevingar som lever i minna til nordfjordingar, er Soga om Sol ei original historie med oppdikta personar – bortsett frå Emil Hjelmeset. Dette er ikkje ei typisk nybyggjarhistorie om slitet og strevet på prærien; fokuset er meir på draumane, eventyrlysta, flukta frå fattigdomen, den korte vegen frå siger til nederlag og livsmoglegheitene i ei brytingstid der alt kan skje.
Kunstnarisk team i tillegg til Øystein Wiik og Gisle Kverndokk: Regissør/dirigent Michael Pavelich frå Eid, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysdesignar Ovar Holmen frå Eid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og koreograf og regiassistent Gard Hjertaas Bjørnson frå Oslo.
Opera Nordfjord lovar ein klassisk musikal med både romantikk, dramatikk, soldatar på slagmarka, sorg, sakn og lengt etter den ein elskar og, ikkje minst, humor. Musikken byr på smektande, iøyrefallande melodiar, morosame musikalske pastisjar og flotte shownummer.
Framsyningar:
Onsdag 1. oktober kl. 18.00
Torsdag 2. oktober kl. 18.00
Fredag 3. oktober kl. 18.00
Laurdag 4. oktober kl. 14.00
Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Ons. 01.10 Kl. 18.00
Kjøp billettTor. 02.10 Kl. 18.00
Kjøp billettFre. 03.10 Kl. 18.00
Kjøp billettLau. 04.10 Kl. 14.00
Kjøp billettLengde: 2 t 30 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 575,-
Barn 275,-
Student 375,-
Operaens Venner 475,-
Ungdom under 20 år 375,-