Oddny // Gymmen

I sommar smelta dei Malakoffpublikummet med ein nydeleg konsert. No får du mulegheit til å oppleve eit av dei finaste norskspråklege banda igjen på Nordfjordeid – denne gongen i Gymmen!

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/eventseries/3769808

Den nyaste singelen Bittelitt er superfin, og endå fleire nye låtar er på veg. Vi gler oss til både ny musikk og konsert!

20:00 Dørene opnar 
21:00  Plateprat frå scena med Oddny
21:30 Konsert
00:00 Dørene stenger

ID: 18 år
Billett: 295,-

Folkrockbandet Oddny er eit norskspråkleg alternativ rock-fenomen med tekstleg pondus. Dei foreiner det vestlandske underfundige med element frå rock, folk og honningsøt pop, og skildrar dei store følelsane i små bilete.

Dei fire karane held til i Oslo/Bergen, men har musikalsk hovedkvarter i eit hus i Bremanger, der dei samlast for å bu, skrive og spele inn musikk. Låtskrivar Iver og trommis Oliver er frå Bremanger, bassist Bartek frå Førde og tangentist Edvard frå Sandane.

Oddny gav i november i fjor ut EP’en Eg trur at eg må spy/Våte sko på eige plateselskap, HotWater, med distribusjon hos MATE/The Orchard. Låten Oktober, Bergen by blir jamnleg spelt på NRK P1 nasjonalt, og Popklikk.no rangerte den som ein av dei beste norske låtane i 2023! I oktober 24 slapp dei den nyaste singelen Bittelitt – som føyer seg inn i rekka av finfine Oddny-låtar.

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/eventseries/3769808

Vis meir

Fre. 24.01 Kl. 21.00

Lengde: 2 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord