Frida Ånnevik
Den fabelaktige visesongaren tek med seg bandet sitt til operasalen, og vi gler oss stort!
Ein gong før har Frida vore i Operahuset Nordfjord: Midt i pandemitida hausten 2020, med 200 publikummarar som då var det maks lovlege antalet, og publikum sat kohortvis med korrekt avstand mellom seg – etter å ha blitt flytta både hit og dit i salen alt etter som koronareglane endra seg. No slepp vi det, og kan berre nyte opplevinga fullt og heilt!
Frida Ånnevik har frå si første plate forma eit uttrykk der tradisjon og nyskaping smeltar saman, og trivast godt med å både passe inn i – og samtidig utfordre det å vere visesongar. Dei siste åra har ho turnert landet rundt på scener ute og inne, festivalar, spelt for fulle hus på Rockefeller, Sentrum Scene, og mange scener rundt i landet.
Våren 2024 fylte Frida sjølvaste Den Norske Opera & Ballett heile to gonger, og mottok overveldande tilbakemeldingar for konsertane.
Artisten frå Hamar har mellom anna motteke fem Spellemannprisar, Prøysenprisen, Grappas debutantpris, Skjæraasenprisen, fylkeskulturprisen i Hedmark, Olle Adolphsons Stipend i Sverige og sist Edvard-prisen.
«VI» kom ut i vinter, og er Frida sitt sjette album. Ho har ei særeigen evne til å formidle tekst som lengre forteljingar, gjennom folketonar eller i stram pop-form. Tekstane er inspirerte av moderne og gamal kjærleik, av tekst som held igjen og tekst som renn over, av Halldis Moren Vesaas, Robyn, Haim, Joni Mitchell, Cezinando, Anne Grete Preus, Valkyrien Allstars, Christine and the Queens, Masåva, Phoebe Bridgers og Laura Marling for å nemne nokre.
Dette er det første albumet med eige materiale frå Frida sidan «Flyge fra» i 2017. I mellomtida har ho gitt ut ei samling gjendiktingar og coverversjonar på «Andre sanger» i 2019. Saman med Chris Holsten slapp hun coveren «Hvis verden» i 2020, ho har skrive musikk til «Hvem skal trøste knøttet» på Oslo Nye Teater, og gjort duettar med Nils Bech og Moddi. Hausten 2024 bidrog Frida med «Vrimmel» på Anne Grete Preus-hyllestplata «Møtested».
Pressa om «VI»:
«VI» er ikke bare et foreløpig høydepunkt i Frida Ånneviks diskografi, men selve standarden norskeartister som sysler med ambisiøs og hjerteskjærende popmusikk må strekke seg etter i 2024» – VG
«Frida Ånnevik har en unik stemme, og åpenbart mye på hjertet. Sett av litt tid og ta en lytt» – Aftenposten
«En av landets vareste, mest uttrykksfulle stemmer, som gjør ekstra sterkt inntrykk når sangene er så poetiske som dette» – Dagsavisen
Med seg på konserten har ho Andreas Vold Løwe på piano, Haldor Røyne på gitarar og Jo Berger Myhre på bass.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no