Halvor Folgerø: Ferjefolket

Opplev Halvor Folgerø fortelje dei beste historiene og vise dei finaste bileta frå si nye bok!

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer. Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje. Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar.

I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar, journalist og programleiar. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene Vestlandsvegar (2021) og Fleire Vestlandsvegar (2022). Lesarar over heile landet har blitt begeistra over Halvor sine engasjerande foredrag. Han er kjent for å vera ein formidlar i særklasse.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord. 

Avgrensa antal plassar. 

Gratis, men med billettbestilling. 

Vis meir

Mån. 25.11 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord