Vamp

Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. 

Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.

Dei har eksistert og levert i godt og vel tre tiår og går i 2025 inn i sitt kanskje mest spennande år av dei alle. I tillegg til å turnere på eiga hand dreg dei også ut på ein ny runde med «Vamp i full symfoni» saman med dei største symfoniorkestera i landet. Og hausten 2025 skal det spelast teater basert på Vamp sitt  låtunivers, der dei sjølve medverkar saman med skodespelarane.

I løpet av karrieren har dei hausta massevis av heider og ære, mellom anna fem Spellemannprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen. Vamp har gitt ut 18 album og selt plater i bøtter og spann. Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine.

Det er duka for ei spesiell oppleving 6. mars!

Vamp: 
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar                                                                                   
Lars Eirik Støle: orgel, piano, synthar, trekkspel, kor
Kjetil Dalland: bass, kor                                                                                                                                               

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tor. 06.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 620,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord