Wako

Norsk jazz i toppklasse: iderikt og utfordrande! 

Jazzkvartetten Wako er aktuelle med nytt album i haust. Den førre plata, Ut av det nye, vart nominert til Spellemann i 2022 og mottok strålande kritikkar i inn- og utland.

Med seks album og et hundretal livekonsertar i ryggen, spelar Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserer dei i fortroppen av nordisk jazz. Wako er ein av de mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene, og har bygd ein solid fanskare og hausta anerkjenning frå kritikarar nært og fjernt. 

I følgje Mark Sullivan, All About Jazz i USA, er Wako “et norsk jazzkollektiv med et virkelig kollektivt sound”. Albumet Wako frå 2020 vart topplista hos engelske Jazzwise, UK både i mars og april 2020. Wako har tatt med seg si stadig utviklande musikalitet og kreativitet rundt om i Europa, og spelt live både som kvartett og saman med strykarane i Oslo Strings og blant andre trompetvirtuos Arve Henriksen.

Musikkomfanget er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale, noko som gjer konsertane til heilt unike opplevingar. 

Wako:
Martin Myhre Olsen – saksofonar 
Kjetil Mulelid – piano
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass
Simon Olderskog Albertsen – trommer 

Individuelt er musikarane òg med på prosjekt som spellemannvinnar Hegge og Flukten, Espen Berg trio, Kjetil Mulelid Trio og Trondheim Jazzorkester. 

Videoar: 
Frå innspelinga av «pleb Yalu» live i NRK Store Studio: www.youtube.com/watch?v=-Jbo54f-6ZA
«Alt det vi tapte» live på Jazz-Schmiede Düsseldorf: https://www.youtube.com/watch?v=dnhjsA582pk

Sagt om Wako:
– «Det er nå jeg tenker at Wako tilhører landets elite. Kvartetten kombinerer yr ungdommelighet med vektig erfaring fra tett turnévirksomhet» – Jazz i Norge
– “Wako har på kort tid jobbet seg frem til førstedivisjon med en intelligent, melodisk og skarp variant” – Dagens Næringsliv
–  «A good half-hour is all this Norwegian quartet needs to get you completely captivated” – JazzHalo (BE)
– «The music would melt even the blackest heart» – Bird is The Worm (US)
– “These guys have no lack of ideas. It’s really inventive music performed by a very tight quartet. Their sound is very consistent and together. Superb!” – Vital Weekly (NL)

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 16.01 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 20 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 250,-

Barn 150,-

Ungdom/student 150,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord