Erlend Viken Trio

Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken Trio folkemusikk med eit lydbilde få har høyrt tidlegare.

Musikken er basert på norsk tradisjonsmusikk, med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, ørkenblues og rock.

Trioen har spelt konsertar i store delar av Europa, og gjennom sine energiske livekonsertar har dei skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene. 

«Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues» -Adresseavisen
«Kraften i samspillet skaper musikk som går over i det geniale» -Bladet folkemusikk
«Här finns låtar som platsar på vilken best-of-spellista som helst» -Lira
«En av Norges hetaste grupper» -Svenska Dagbladet

Dette er Erlend Viken Trio: 
Erlend Viken – fele, oktavfele og hardingfele
Marius Graff – el-gitar 
Sondre Meisfjord – kontrabass

Sjå og høyr trioen her:
Musikk: https://orcd.co/feteslaatta
Video frå innspelinga av albumet Fete slåtta: www.youtube.com/watch?v=p5L4QQpzdwM
Live video: www.youtube.com/watch?v=jF2mp4PJoRM

Konserten blir i foajeen, med sitjegrupper og open kiosk. 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 21.11 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 10 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 250,-

Barn 150,-

Ungdom/student 150,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord