Jul i Svingen
Det er desember i Svingen og juleførebuingane er i full gong. Adventskalendrar skal opnast, julegrana tennast, koret skal synge.
Alt er som det skal vere. Eller er det verkeleg det?
For Marvin, faren til Linus og Klara Klegg, har som vanleg sine eigne idear om korleis ting bør gjerast. Artige idear, spennande idar, men er det gode idear? Agnethe, mora til Linus og Klara, brukar ikkje å synest det.
Så flyttar det inn ein ny familie i Svingen. Og dei kjem frå Sletta! Kan dei bli vener med borna i Svingen?
Den årlege stafetten mellom Svingen og Sletta er sjølvsagt eit høgdepunkt. Kven vinn i år? Marvin gjer dessverre sitt beste for at Svingen skal vinne…
Gutane skal på hyttetur. Det gjer dei kvart år, men denne gongen skjer det noko rart. Og det blir kanskje rarast for Nure.
Og kven skal vere Lucia i år? Alle vil, men berre ein kan. Og det er ikkje lett å bli einige!
Akaya skal reise bort i jula, og Atif, som er muslim, feirar ikkje jul. Så korleis skal borna treffe kvarandre på julaftan? Blir ikkje det helt umogleg? Men ungane i Svingen er smarte og finn sjølvsagt ei løysing.
Jul i Svingen er som juler flest. Nokon gledar seg, andre gledar seg ikkje fullt så mykje. Noko er spennande, noko er hyggeleg, noko er litt trist og mykje er morosamt. Men ein ting er sikkert: det blir Jul i Svingen!
Victoria Productions AS presenterer Jul i Svingen av Kjetil Indregard
Dramatisert for scena av Kjetil Indregard
Musikk: Odd Nordstoga / John Vinge
Songtekstar: Odd Nordstoga / Kjetil Indregard
Original musikalsk arrangør: John Vinge
Basert på NRK-julekalenderen “Jul i Svingen”, produsert av NRK.
Manuskript av Kjetil Indregard. TV-regi: Atle Knudsen. Musikk: Odd Nordstoga.
Teaterforlag: Teaterforlaget Songbird AS
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Ons. 04.12 Kl. 18.00
Kjøp billettLengde: 1 t 45 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 320,-
Gruppe 4+ 270,-
Spesialpris 270,-