Ro deg ned! Forfattartreff med Solveig Mork Holmøyvik

Velkomen til forfattartreff på biblioteket i operahuset.

Solveig Mork Holmøyvik frå Holmøyane i Stad kommune gav i august ut si fyrste bok «Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet».

Boka er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk.
Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det?

Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra?

Boka ser kritisk på sinne som maktmiddel, men er også ei hyllest til sunt sinne. Ho er skriven i solidaritet med dei kvinnene som ikkje torde å seie ifrå – og med dei som aldri roa seg ned, og som difor har fått noko til å skje.

Solveig Mork Holmøyvik vaks opp i Holmøyvik ved Hornindalsvatnet og bur no i Leikanger. Ho er utdanna språkvitar frå Universitetet i Oslo og har bakgrunn som forlagsredaktør for sakprosa. Dette er hennar første bok.

Teksten er henta frå forlaget sin bokomtale.

Gratis inngang. 

Vis meir

Tor. 31.10 Kl. 19.00

Lengde: 1 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord