Your Song – a tribute to Elton John

Opplev Kjetil Grodås som Elton John!

Kjetil Grodås frå Hornindal har vore ønskt av fleire publikummarar i operahuset. No kjem han til storstova heime i Nordfjord med sitt populære Elton John-show!

Heilt frå han rakk opp til tangentane på pianoet har det gått i Elton John. Kjetil har snart 20 år bak seg som Norges svar på den britiske legenda. I ryggen har han eit solid seksmannsband.

Elton John er ein av dei største artistane i verda, med ei over 50 år lang karriere bak seg, 300 millionar selde album og over femti topp 40 hits på begge sider av Atlanteren.

Låtane hans har vore rundt oss så lenge at dei nesten har blitt våre eigne. Det er difor med dobbel tyding at denne konserten heiter det same som Elton sin første store hit, «Your Song». Dette er blitt dine hits, sentrert rundt dine beste minner, enten dei stammar frå 70-, 80,- 90-talet eller endå seinare.

Nyt låtar som Saturday Night’s Alright For Fighting, The Bitch Is Back, Sacrifice og Can You Feel The Love Tonight. I dette hyllestshowet får du det beste fra Elton John-universet.

Det er berre å gjere seg klar for ein musikalsk festkveld!

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Fre. 19.04 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 45 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 420,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord