Vestlandsk sommarsymfoni 2024

Sidan 1979 har orkesterkurset helde til på Fjordane folkehøgskule, og i løpet av denne tida har over 2000 musikarar delteke på Vestlandsk Sommarsymfoni. Laurdag 3. august kl.1800 er det 46. gang kurset held ein stor symfonisk konsert – i år med verk av Peter Tsjaikovskij, Franz Liszt og Dmitrij Sjostakovitsj. Konserten blir som vanleg helden i Operahuset Nordfjord.
 
I år er det Halldis Rønning som dirigerer avslutningskonserten. Rønning er ein av dei dyktigaste dirigentane i landet, ved sidan av å vere ein meget god fiolinist. Ho har studert ved Griegakademiet i heimbyen Bergen, Musikkonservatoriet i Amsterdam og Norges musikkhøgskole, og ho tok diplomeksamen i orkesterdirigering våren 2006 med Bergen Filharmoniske Orkester.
 
I løpet av ei veke blir konsertprogrammet sydd saman, under kyndig leiing frå instruktørar som til dagleg er profesjonelle musikarar i dei fremste orkestera i landet. Musikarane kjem frå dei over 50 orkestera som høyrer til under Norske Symfoniorkestres Landsforbund (NASOL). I løpet av kursveka har dei gruppeøvingar og fellesøvingar, og i tillegg til å sette det heile saman til eit symfoniorkester er det også tilbod til kursdeltakarane om å spele i kammerorkester eller mindre grupper.
 
På programmet 3. august står «Les Préludes» av Franz Liszt, «Romeo & Julie» av Peter Tsjaikovskij, samt eitt av Dmitrij Sjostakovitsj mest spelte verk – «Symfoni nr. 9».
 
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Lau. 03.08 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 200,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord