Vamp
Vamp har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela.
Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, myter og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Dei har eksistert og levert i godt og vel tre tiår og går i 2025 inn i sitt kanskje mest spennande år av dei alle. I tillegg til å turnere på eiga hand dreg dei også ut på ein ny runde med «Vamp i full symfoni» saman med dei største symfoniorkestera i landet. Og hausten 2025 skal det spelast teater basert på Vamp sitt låtunivers, der dei sjølve medverkar saman med skodespelarane.
I løpet av karrieren har dei hausta massevis av heider og ære, mellom anna fem Spellemannprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen. Vamp har gitt ut 18 album og selt plater i bøtter og spann. Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine.
Det er duka for ei spesiell oppleving 6. mars!
Vamp:
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Lars Eirik Støle: orgel, piano, synthar, trekkspel, kor
Kjetil Dalland: bass, kor
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no