Torn & Rose i Eventyrland

Alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år er velkomne til familieframsyninga!

Krise! Eventyrland har begynt å miste sin magi og det er like før det blir snipp snapp snute for alle dei underfulle skapningane som bur i landet bortom stjernestøvet.

I eit forsøk på å løyse dette problemet inviterer Torn og Rose publikum til omvising i Eventyrland for aller første gong!

Etterkommarane etter ein av Eventyrlands mest kjende dronningar har planlagt ein morosam og actionfylt dag i Torneroseslottet, men underlege ting begynner å skje. Saman med publikum må Torn og Rose kjempe sitt livs kamp for å redde Eventyrland. 

På vegen kjem dei til å støyte på gode feer, alvedronningar og magiske havskapningar – og kanskje til og med ein heilt ekte drake?

Familieframsyninga er produsert av Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. Dei eldste teatertriksa i boka blir blanda med den aller nyaste teknologien for å gi publikum ei teateroppleving Europa aldri har sett maken til. Trur du ikkje på drakar og feer frå før, kjem du garantert til å gjere det når framsyninga er ferdig!

Høver for alle modige eventyrarar frå 6 til 100 år.

Dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenograf og kostymedesignar Birgitte Strid
Dramaturg Kristian Lykkeslet Strømskag
Komponist og lyddesignar Johann Prell
Lysdesignar Vegar Angel Andreassen
Videodesignar David Lejard-Ruffet
Prosjektleiar, Glitch Studios Sami Hamid, Tobias Barvik
Animatør Onat Döker
Teknisk rådgjevar, ARShows Isaac Barel
Produksjonsrågjevar, ARShows Sasha Kreindlin
Medverkande Carina Furseth, Peder Lauvås og Idun Losnegård

Torn & Rose er ein samproduksjon mellom regionteatera: Teater Vestland, Nordland Teater og Teatret Vårt. 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Lau. 28.10 Kl. 16.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 10 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 305,-

Barn 245,-

Honnør 295,-

UNG 16-30 år 265,-

Teaterven 265,-

Scenekort 265,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord