Tollak til Ingeborg
Tore Renberg si fantastiske bok blir teater!
Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.
Det er på tide å fortelje.
Lesarane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet, og romanen er selt i over 70 000 eksemplar. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette mørke og intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.
Sagt om boka:
«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.» VG
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet» Aftenposten
«Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama.» NRK
«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten» Nettavisen, 6
«Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap» Bok 365
Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. Det visuelle universet vert skapt av scenograf Milja Salovaara og lysdesignar Martin Myrvold.
På scena møter du Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Stian Isaksen og Harald Ottesen Nødtvedt.
Tollak til Ingeborg er eit samarbeid mellom Teater Vestland og Riksteatret. Urpremieren 28. september er Teater Vestland si opningsframsyning i Nynorskhuset i Førde, og stykket skal på turné i heile landet.
Av Tore Renberg. Dramatisert av Tore Renberg. Regissør Miriam Prestøy Lie. Scenograf og kostymedesignar Milja Salovaara. Komponist og lyddesignar Selma Stang. Lysdesignar Martin Myrvold. Språkkonsulent Terje Lyngstad. Produsent Silje Vigerust Vinjar.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Tys. 06.02 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 30 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 455,-
Honnør 365,-
BOB-medlem 365,-
Gruppe 5+ 365,-
UNG 16-30 år 185,-
Teaterven 355,-
SpareBank1 325,-
