The Holdovers

Eit hjartevarmt drama som på nytt foreinar regissør Alexander Payne med Paul Giamatti.

Sett til 70-talet ved Barton Academy, møter me den gretne læraren Paul Hunham (Paul Giamatti), mislikt av både kollegaer og elevar. Paul blir motvillig valt til å bli att på campus over juleferien, for å passe på eit fåtal elevar som ikkje får reist heim til jul av diverse årsaker. Når brorparten likevel reiser bort, blir dei berre tre att; Paul, kantinedama Mary (Da’Vine Joy Randolph), og den utagerande eleven Angus (Dominic Sessa) – tre svært ulike personar som i løpet av ferien oppdagar at dei faktisk har ein del til felles. «The Holdovers» har allereie motteke ei rekkje prisar og nominasjonar (inkludert 8 Critics Choice-nominasjonar og 3 Golden Globe-nominasjonar) og blir sett på som ein heit kandidat for fleire Oscar-nominasjonar.

Vis meir

Fre. 08.03 Kl. 20.15

Kjøp billett

Lengde: 2 t 13 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 125,-

Barn 105,-

Aldersgrense 9 årAlder: 9 år

Detaljar

Skodespelarar: Paul Giamatti, Da’Vine Joy Randolph, Tate Donovan, Dominic Sessa, Carrie Preston, Gillian Vigman

Regissør: Alexander Payne

Produksjonsår: 2023

Premiere: 26.01.24

Manus: David Hemingson

Land: USA

Sjanger: Drama

Språk: Original

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord