Soga om Sol

Opera Nordfjord feirar 25 år med ein nyskriven, vaskeekte utvandrarmusikal!

Øystein Wiik og Gisle Kverndokk har skrive musikalen, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

LES PROGRAMHEFTET HER

Profesjonelle aktørar frå distriktet er spesielt utvalde til jubileumsframsyninga. Det er ekstra stas at dei tre hovudrollene er frå vårt eige lokalmiljø. Ingrid Tykhelle Kayser kjem frå Nordfjordeid, og både Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen har vakse opp i Ørsta. I tillegg har vi eit stort lag av både profesjonelle, lokale musikalartistar og dyktige amatørar frå Volda, Hornindal, Sandane, Stryn, Stad, Sogndal og Askvoll.

Det kunstnariske teamet er samansett av fleire profesjonelle kunstnariske leiarar frå eige distrikt og består av regissør/dirigent Michael Pavelich frå Eid, scenograf og rekvisitør Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysdesignar Ovar Holmen frå Eid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og koreograf og regiassistent Gard Hjertaas Bjørnson frå Oslo.

Handlinga er lagt til rundt 1915, og vi møter ungjenta Sol Siljegard frå Hornindal, som vert gravid etter overgrep frå storbonden Asbjørn Storhaug. Ho rømmer til Amerika saman med eventyraren Emil Hjelmeseth frå Nordfjordeid. Livet i New York gir Sol ein annan type familie enn ho kunne ha drøymt om, i teatergruppa Danny Gold’s Odditorium. 

Sjølv om musikalen er inspirert av opplevingar som lever i minna til nordfjordingar, er Soga om Sol ei original historie med oppdikta personar – bortsett frå Emil Hjelmeset. Dette kjem ikkje til å vere ei typisk nybyggjarhistorie om slitet og strevet på prærien; ein vil heller fokusere på draumane, eventyrlysta, flukta frå fattigdomen, den korte vegen frå siger til nederlag og livsmoglegheitene i ei brytingstid der alt kan skje.

Opera Nordfjord lovar ein klassisk musikal med både romantikk, dramatikk, soldatar på slagmarka, sorg, sakn og lengt etter den ein elskar og, ikkje minst, humor. Musikken byr på smektande, iøyrefallande melodiar, morosame musikalske pastisjar, store korsatsar og flotte shownummer. 

Baren i foajeen opnar 1,5 time før framsyning. Operaens Venner sel forfriskingar av ulikt slag, kom gjerne tidleg for ei hyggeleg stund!  Nytt også gjerne høvet når du kjem til å førehandsbestille varer. Når du leverer bestillinga i baren før framsyninga byrjar, står alt klart til deg når du kjem ut til pause. Vi minner om at det ikkje er lov å ha med mat eller drikke inn i sjølve operasalen, berre vatn. 

Introduksjon i kinosalen 45 min før framsyningane 6. – 15. oktober (ikkje på premieren). Operasjef Kari Standal Pavelich fortel om Soga om Sol. Det er avgrensa antal plassar, og introduksjonen varer i om lag 20 minutt. 

LES PROGRAMHEFTET HER

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Ons. 04.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Fre. 06.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lau. 07.10 Kl. 17.00

Kjøp billett

Søn. 08.10 Kl. 14.00

Kjøp billett

Ons. 11.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Fre. 13.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lau. 14.10 Kl. 17.00

Kjøp billett

Søn. 15.10 Kl. 14.00

Kjøp billett

Lengde: 3 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 495,-

Barn 275,-

Student 375,-

Operaens Venner 445,-

Ungdom under 20 år 375,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord