Skjebneval i USA

Foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord inviterer i samarbeid med Vestland fylkeskommune til eit møte med dei to tidlegare USA-korrespondentane, tre veker før valet! 

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.
 
Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare en nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan det bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?

Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge. Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”.

Denne gongen er det likevel mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.  

Alt dette og meir kastar vert det kasta lys over, og bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen 5. november. 

Gratis, men med billettbestilling. 

Foredraget blir på biblioteket, i kinosalen eller foajeen – alt etter kor mange som melder seg på. 

Vis meir

Tys. 15.10 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord