Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid
Opplev to av landets fremste jazzmusikarar, tett på!
Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid har med aktiv turnering, spellemannsnominasjon og fleire lovprisa album markert seg tydeleg i norsk musikkliv.
Som duo serverer dei ei blanding av originale låtar og kjende coverlåtar i ny drakt. Musikken ber preg av Siril si klare og uttrykksfulle stemme og Kjetil sitt finurlege pianospel. Det er musikk i eit iøyrefallande landskap, men med ein god dose motstand og overraskingar som tar lyttaren med inn i duoen sitt musikalske univers.
Debutplata «Blues and Bells» kom i mars 2023, til nydelege kritikkar:
“Årets kanskje vakreste skive, Blues and Bells” – Radio Revolt
“En fin duoplate fra to av Norges aller beste jazzmusikere innenfor den lyriske avdelingen” – Jan Granlie
«A beautiful album that stresses that less is sometimes quite a lot.» – Eyal Hareuveni
“Everything seems simple in this album with multiple resonances, very worked and rich in its details”- Culture Jazz (FR)
«Det er usigelig vakkert, der Mulelids pianotoner spiller som sollyset en sommerettermiddag på vannet i et tjern, dypt inne i skogen. Den søte duften av fioler drevet fram av Malmedal Hauges vokal danser i sollyset.» …. «Det blir en geniun, samskapt musikk, der to sterke individuelle stemmer fletter seg sammen og skaper noe helt nytt sammen. Sammen utfordrer de to hverandre – og oss – til en flott time i lag med god musikk.» – Salt Peanuts v/Johan Hauknes om lanseringskonserten på Nasjonal jazzscene
«In today’s world, full of noise and chaos, the music of Hauge and Mulelid is like a balm for the soul, which is worth reaching for to find out about its healing power.» – Laboratorium Muzycznych Fuzji
«Med Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid har kongeriket fått en ny duo i superklassen. Utrolig flott og svært personlig. En duoutgivelse som bli stående i tiår fremover» – Tor Hammerø, Nettavisen
«Gir nytt liv til den sentimentale kjærligheten i jazzen. Det er imponerende hvordan musikk som mange kan anse som pompøs, her blir innlemmet i en intim og følsom helhet.» – Maria Lokna, Morgenbladet
Siril og Kjetil har jobba regelmessig saman sidan dei studerte på den smått legendariske jazzlinja i Trondheim for ti år sidan. Først som kjerna bak jazz/pop-prosjektet Fieldfare, og så gjennom Siril sitt eige soloarbeid med to album og konsertar på dei fleste jazzfestivalar og klubbar rundt om i landet.
Siril Malmedal Hauge er vokalist, instrumentalist, komponist og lyrikar. Ho har sterke røter i jazztradisjonen, med ei heilt unik frasering og formidlingsevne. Sidan 2016 har ho gjeve ut 13 album, fem av dei i eigen regi med lovord frå heile verda. Plata «Slowly, Slowly» vart nominert til Spellemannprisen. Siril er utnemnt til jazzambassadør for NTNU og innehavar av Moldejazz sin Jazztalentpris.
Kjetil Mulelid er pianist og komponist, etablert som ein av dei leiande jazzpianistane i landet, med sin heilt eigen og karakteristiske spelemåte. Sidan 2014 har han turnert regelmessig i store delar av Europa, Japan og USA. Mulelid har medverka på 17 album, 12 av dei som kompinst og artist, alle har hausta god kritikk og ros frå internasjonal presse. Musikken hans er selt i tusenvis av eksemplar, blitt strøyma om lag to millionar gonger og blitt spelt på radio i store deler av verda
Begge har vore på Nordfjordeid fleire gonger i det siste: med Siril Malmedal Hauge band i Gymmen og Kjetil Mulelid soloflygel i 2022, samt i Joni Mitchell-tributekonserten i mai 2023. Siril var kunstnarisk leiar for sistnemnde. Kjetil elskar Fazioli-pianoet vårt.
Vi gler oss stort til å oppleve dei som duo, tett på!
Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Ons. 10.04 Kl. 20.00
Kjøp billettLengde: 1 t 15 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 250,-
Barn 150,-
Ungdom/student 150,-
