Riksteatret: Prima Facie

Engasjerande, sterkt og rørande! Publikum og kritikarar er einige om at «Prima Facie» frå Riksteatret og Nationaltheatret er vinterens sterkaste teateroppleving. 

Møt Tessa! Ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.

Ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho møter seg sjølv i døra. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp frå den andre sida av rettssalen.

«En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden (…) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft» Aftenposten, terningkast 6 

«Vinterens sterkeste teateropplevelse» Dagsavisen, terningkast 6

«Skuespillerkunst i særklasse (…) Maria Kristine Hildonen spiller ut en Tessa med kraft og vilje, kynisme og sjarm, alltid med full kontroll (…) Hun er knallgod, punktum» Adresseavisen, terningkast 6

«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke» NRK, terningkast 5

Prima Facie – eit (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatande eller ved første augekast.

Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigergang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum over heile landet moglegheit til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur. 

På scena: Maria Kristine Hildonen og musikar Elisabeth Mørland Nesset  

Av Suzie Miller. Omsett av Agnes Banach, redigert av Elin Grinaker. Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesigner Norunn Standal. Kostymedesigner Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesigner Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Dramaturg Elin Amundsen Grinaker. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Sjå trailer, intervju, bakgrunnsartiklar og les meir om «Prima Facie» på Riksteatret sine nettsider her:  www.riksteatret.no/repertoar/prima-facie

Prima Facie inneheld diskusjonar om seksuell vald. Tilrådd aldersgrense er 14 år. Treng du nokon å snakke med? Kontakt Mental Helse hjelpetelefon 116 123 – https://mentalhelse.no/fa-hjelp/hjelpetelefonen

Ettersnakk: Kva no?
Rett etter framsyninga, er de inviterte til ettersnakk i kinosalen. Velkomen til ein halvtimes samtale der vi utforskar korleis kunst kan vere ein døropnar for dei vanskelege samtalane, og kva vi kan gjere for å skape ein kultur der respekt og samtykke er ei sjølvfølgje. Ettersnakk gjev publikum høve til å arbeide seg gjennom inntrykk frå framsyninga, setje ord på eigne tankar og kjensler og utforske korleis tematikken i stykket relaterer til eige liv og samfunn. Vi håpar òg vi å inspirere til handling – anten det handlar om å vere ein trygg samtalepartnar, støtte gode initiativ eller bidra til auka medvit om samtykke i eige miljø.

Følgjande deltek i samtalen: 
Judith Kvåle. Fungerande ordførar i Stad kommune. Spesialsjukepleiar i rus og psykisk helse, teamleiar for FACT-Nordfjord, samskapingsprosjekt mellom Stad kommune og Nordfjord Psykiatrisenter
Trond Fjetland Aarre. Spesialist i psykiatri, avdelingssjef og overlege ved Nordfjord psykiatrisenter og fagsjef i Psykisk helsevern, Helse Førde
Sunniva Botn Kjølstad. Nestleiar i SNU – Seksualpolitisk Nettverk for Ungdom

Praktisk info: 

Parkering: Takk for at du parkerer på merka plassar, ikkje på eller langs vegen attmed operahuset. I tillegg til parkeringsplassane ved operahuset, med flest bakom nordover og vidare vestover, er det også råd å parkere ved Eid idrettshus, Nordfjord sjukehus, Eid kyrkje, Alti Nordfjord eller elles i sentrum. 

Du kan kjøpe kaffi, brus, vatn og kioskvarer i foajeen frå om lag ein time før arrangementet. Flaskevatn kan takast med inn i sjølve operasalen. 

Dørene til operasalen opnar om lag 15 minutt før arrangementet byrjar. 

Opplev meir!
Vil du nyte eit godt måltid før eller etter arrangementet? Sjekk www.hjartestad.no/ein-stad-a-ete
Meir informasjon om Nordfjordeid og Stad kommune: www.hjartestad.no 
Meir informasjon om Nordfjord: www.nordfjord.no

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

Vis meir

Mån. 17.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 45 min

Billettpris:

Ordinær 455,-

Honnør 370,-

Scenekort 355,-

Gruppe 10+ 370,-

Coop-medlem 355,-

Samarbeidspartnar 370,-

UNDER30 190,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord