Raske Menn
19-års jubileumsshow!
Det er berre nokre få ledige enkeltbillettar igjen. Desse må kjøpast ein og ein i kvart sitt kjøp. Legg du inn to billettar, får du beskjed om at det er utselt.
Er du ein av 300.000 nordmenn som har sett Raske Menn opp gjennom åra, eller ein av milliardar nordmenn som med kjærleg finger har klikka på dei på YouTube?
Eller er du ein av dei som har gått ut frå ei Raske Menn-framsyning og tenkt: Dette er den lukkelegaste dagen i mitt liv, den kjem aldri tilbake. Jauda! Slapp av, det gjer den!
14. mars står komikarane Calle Hellevang-Larsen, Anders Hoff, og Øyvind Rafto for første gong på operascena vår med eit show som osar av nostalgi, latter og pur glede.
Sjekk RaskeMennTV på YouTube her: www.youtube.com/@RaskeMennTV
Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.