Pianokonsert Norvald Dahl

Bli med på operascena og opplev musikken tett på pianisten og det unike Fazioli-flygelet

Med suggererande rytmer og syrlege klangar tek jazzpianist og herøyværing Norvald Dahl oss med på ei hypnotisk og vakker vandring via 88 kvite og svarte tangentar. Musikken er fritt improvisert over eigne komposisjonar, og ligg i grenselandet mellom jazz, folketonar, pop og moderne klassisisme.

«Dahl er i besittelse av en langt framskreden klangfølelse. Når han så får reisefølge av et piano som gir han alle de svara han er ute etter så blir «Flying High» en ekskursjon bestående av mye musikalsk lyrikk der inspirasjonskilder som Bill Evans, Keith Jarrett og Helge Lien skinner gjennom uten å bli dominerende. Improvisasjon og jazz er altoverskyggende i uttrykket, men både folkemusikk og klassisk musikk har åpenbart vært der også for Dahl…» – sitat Tor Hammerø

Norvald Dahl er frå Fosnavåg, med mastergrad i jazzpiano frå Norges Musikkhøgskule og studiar frå Rogaland Musikkonservatorium og NTNU i Trondheim. 

Pianisten er aktiv frilansmusikar og pedagog, og har i tillegg leia ei rekke spennande musikalske prosjekt av ba?de nasjonal og internasjonal karakter. For tida er han aktuell med trioen «Pandemic Solution» saman med Ingebrigt Håker Flaten og Håkon Mjåset Johansen, og gjev sommaren 2024 ut albumet «Afterdog» på eige plateselskap; Blåmann Records.

I 2019 gav Dahl ut albumet “Flying High”, som han sidan har vidareutvikla og turnert med både i Noreg, Spania, Tyskland og Frankrike. Sjå opptak frå solokonsert i Köln i april i år: https://www.youtube.com/watch?v=OOIhCmNkrGA

www.norvalddahl.com

Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 05.09 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 200,-

Barn 100,-

Ungdom/student 100,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord