Vivaldi: Dei fire årstider
Måndag 30. januar kl 19.00
Dei fire årstider av Antonio Vivaldi er det mest populære klassiske musikkverket i verda.
Fem av dei fremste musikarane i landet framfører det fantastiske verket i operasalen:
Atle Sponberg - fiolinsolist
Sandra Lied Haga - cello
Edvard Erdal - fiolin
Anna Ostachowska - bratsj
Åse Mathiesen - klaver
Solokonsertane er ein del av Vivaldis opus 8: samlinga "Il cimento dell'armonia e dell'inventione", som blei publisert hos Michel-Charles Le Cène i Amsterdam i 1725. Saman med sjølve konsertane vart det trykt sonetter som skildrar dei ulike årstidene. Desse er av Vivaldi sjølv, som ein klar inspirasjon til utøvaren. Musikarane fortel om desse på konserten.
Saman med pianokvartetten skildrar solofiolinen på eit fargerikt og dramatisk vis karakterane til dei ulike årstidene:
Fiolinkonsert i E-dur, RV 269, Våren
1. Allegro
2. Largo
3. Danza pastorale. Allegro
Fiolinkonsert i g-moll, RV 315, Sommeren
1. Allegro non molto
2. Adagio e piano – Presto e forte
3. Presto
Fiolinkonsert i F-dur, RV 293, Høsten
1. Allegro
2. Adagio molto
3. Allegro 'Caccia'
Fiolinkonsert i f-moll, RV 297, Vinteren
1. Allegro non molto
2. Largo
3. Allegro
Antonio Vivaldi (1678−1741) var eit kraftsentrum i sin tids europeiske musikkliv. Han skreiv mykje musikk. Cellokonserten på denne konserten er til dømes eitt av 27 slike verk. Han skreiv totalt om lag 500 solokonsertar, blan dei fiolinkonsertane Dei fire årstider. Og musikken hans slo an både blant høg og lav i samfunnet, godt hjelpt av Vivaldis fargerike personlegdom og dugleik som fiolinist.
Vivaldi fekk bestillingar på musikk frå kongar og keisarar over heile Europa. Årstidene gjev eit breitt bilete av den unike musikkbegavelsen Vivaldi og av kvifor musikken hans framleis når nye musikkelskarar i dag.
Konserten varer i om lag ein time, ikkje pause
Billettprisar inkl. avg:
Ordinær 290 kr
Barn/ungdom/student 150 kr
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.