UTSELD: Trygve Skaug og Henning Kvitnes

Trygve Skaug og Henning Kvitnes - UTSELD

Torsdag 20. oktober kl 19.30

 

Konserten er utseld! 

 

Sangpoesi og HverdagsSofi på tur

 

Dei to songpoetane slår sine ord, tonar og gitaransamlingar saman, og reiser ut på turné, godt støtta opp av Eiolf Seglem Ødegård på piano, lydteppe mm.


Nakent og nede. Vart, varmt og akustisk. Med humor, ettertanke og glede. Og trøkk når det gjeld.

 

Trass i ein generasjon mellom, har Trygve Skaug og Henning Kvitnes over tid funne ein felles ståstad og verdigrunnlag, og gjev kvarandre energi og inspirasjon. Difor har de også skrive nokre nye songar saman til turneen. Til og med ein litt anneis julesong! Desse er ute i god tid før scenekanten kallar.

 

Begge to er "Hver gang vi møtes"-veteranar på grunn av sangkatalogar, kvalitet og fartstid. Konserten blir annankvar låt og likt fordelt, og framført saman - med stor takhøgde – og mogleg ditto fallhøgde.

 

Dei byr sikkert på nokre overraskingar når det gjeld låtvalg også….på ein kveld for lytting, lengsel og samhald.

 

(Konserten vart flytta frå 10. mars til 20. oktober. Kjøpte billettar er gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått e-post og tekstmelding med informasjon.Kontakt oss på post@operahuset.no om du vil ha tilsendt billettane på nytt eller lurer på noko.)

 

Konserten varer i om lag to timar, ikkje pause

 

Billettpris 520 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 20 okt 19:30 Utseld: Trygve Skaug og Henning Kvitnes Kjøp