Tobias og dagen det smalt 24. april

Riksteatret: Tobias og dagen det smalt

Laurdag 24. april kl 17.00

Riksteatret tar den prisvinnande og kritikarroste barneframsyninga «Tobias og dagen det smalt» på turné. Framsyninga blei kåra til årets beste framsyning for barn og fekk Heddaprisen i 2018. «En forestilling med god plass til både alvor og humor» skreiv pressa mellom anna.


«Tobias og dagen det smalt» handlar om å stole på og tru på seg sjølv - og forvissinga om at alle barn er like mykje verdt. Det handlar også om vennskap og trua på at vennane dine vil deg det beste. Gjennom fantasi og verkelegheit rører framsyninga ved tema som at det er mange måtar å vere menneske på. Og at det kan vere litt trøblete når korleis ein ser ut utanpå og korleis inn føler seg inne i seg sjølv, ikkje heilt passar saman.


«Tobias og dagen det smalt» er ei modig, lita teaterframsyning som passar for barn frå 6 år.

 

Pressa skriv:  
«Flott teater for barn, og som også tåler godt de voksnes øyne og ører (…) Ei forestilling med god plass til både alvor og humor» ITromsø, 5
«En rikholdig, formbevisst, opplevelsesfortelling med mange lag» Dagbladet, 5
«Åpen, undrende, leken og mangfoldig» Nordlys, 5
«Det blir aldri for enkelt, aldri for vanskelig. Det er et viktig tema, et tema i tiden, som formidles med kløkt, paralleller og masse barnslig gøy.» NRK


På scena: Jonas Delerud, Sebastian Legaard Engeland, Per-Theodor Paulsen, Alexander Rindestu, Tonje Dreyer Sellevoll og Kristine Myhre Tunheim.
Av Jenny Svensson. Regissør Morten Røsrud. Scenograf og kostymedesignar Mari Hoel Lotherington. Komponist og lydprodusent Aggie Peterson. Lyddesignar Andreas Wangsbro. Lysdesignar Øystein Heitmann. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Idé og prosjektleiar Kristine Myhre Tunheim. Originalt produsert av Rimfrost i samarbeid med Hålogaland Teater. Urpremieren var på Hålogaland Teater 23. november 2017. Produsert for turné i 2021 av Riksteatret. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.

 

Korona-oppdatering 16. april, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og nabokommunar med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varer i ca 55 min (ikkje pause)

 

Billettprisar:

Ordinær 225 kr

Familiepris 185 kr. Gruppe på 4 eller fleire
Coop-medlem 175 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Samarbeidspartnarar 185 kr. Må oppgje kode frå DNB, LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 24 apr 17:00 Tobias og dagen det smalt 225 Kjøp