Teaterkonsert Sundfør 17. nov

Teaterkonsert Sundfør - Life does us

Onsdag 17. november kl 19.00 

Opplev Susanne Sundfør sitt musikalske univers på teaterscena!


Nokre gongar veks det fram artistar som lagar så vakker musikk at han vert opplevd som intenst truverdig for menneske over heile verda. Susanne Sundfør er ein av desse artistane. Med spektakulære konsertar og musikk som fangar heile opplevinga av å vere menneske, har Susanne Sundfør vakse seg inn i den internasjonale stjernehimmelen og blitt ein av dei viktigaste artistane vi har. No vert songane hennar teaterkonsert med nokre av landets mest musikalske skodespelarar på scenen.

 

Du møter ikkje Sundfør sjølv på scena. Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset vil framføre nokre av dei beste songane frå album som Music for People in Trouble, Ten Love Songs og The Brothel i ei scenisk teaterforteljing tettpakka med musikk og magi, der vi tar i bruk alle verkemidla teatret har.

 

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Haugesund Teater. Urpremiere i Haugesund 6. oktober. Vert spelt i Haugesund før turné med Riksteatret. 

 

Av Njål Helge Mjøs. Regissør Helena Wik. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Musikalsk medskapar Sjur Miljeteig. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Koreograf Stian Vikjord Danielsen. Lysdesignar Ingrid Skanke Høsøien. Lyddesignar Amund Ulvestad. Dramaturg Njål Helge Mjøs. Produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen.


På scena: Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Marius Trøan Hansen, Trond Peter Stamsø Munch, Elisabeth Mørland Nesset

 

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til 17. november. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

 

Framsyninga varer i om lag to timar inkludert pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 415 kr

Samarbeidspartnarar 335 kr. Må oppgje kode frå LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta, Vi over 60 eller Norsk bibliotekforening.

Gruppe 10+  335 kr 

Honnør 335 kr

Coop-medlem 315 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Alle under 30 år 175 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 17 nov 19:00 Riksteatret: Teaterkonsert Sundfør 415 Kjøp