Svanesjøen 16. november

Svanesjøen, The International Festival Ballet 

Onsdag 16. november kl 19.30 

Ein fullsett operasal fekk hausten 2021 oppleve Svanesjøen frå det internasjonale ballettkompaniet. No kjem dei tilbake, med to ulike framsyningar: 

 

Nøtteknekkaren tysdag 15. november

Svanesjøen onsdag 16. november

 

Svanesjøen er ein av dei aller mest populære ballettane i verda. Eit komplett kunstverk, med nydeleg musikk og djupt rørande historie.

 

Svanesjøen fortel historia om prinsesse Odette som gjennom ei ond forbanning er forvandla til ei kvit svane. På jakt oppdagar prins Siegfrid den fantastiske svana, og medan han siktar på ho, forvandlar svana seg til ei vakker kvinne. Odette fortel prinsen at ho er ei prinsesse underlagt ond trolldom. På dagtid må ho symje som svane i ein sjø full av tårer, om natta får ho lov til å vere menneske. Trolldomen kan berre brytast viss ein prins lovar evig truskap til svaneprinsessa. Viss prins Siegfrid sviktar Odette, må ho vere svane for alltid. Prinsen blir forelska i Odette, men ein ny ond trolldom fører til at han frir til ei anna kvinne. Prinsesse Odette truar med å ta livet av seg, og kastar seg i sjøen. Full av sorg følgjer prinsen etter.

 

Balletten er forteljinga om ekte kjærleik som erobrar alt. Om forvandling og trolldom, truskap og svik, svart mot kvitt.

 

Svanesjøen hadde urpremiere med Václav Reisinger sin koreografi i Moskva i 1877. Marius Petipa og Lev Ivanov laga ny koreografi til oppføringa i St. Petersburg i 1895, ein versjon som førte til at Svanesjøen er den aller mest populære av dei romantiske, klassiske ballettane.

 

Framifrå solistar og dansarar, fabelaktig scenografi og kostyme kombinert med storslått lyssetting ventar publikum. 

Tchaikovsky sin nydelege musikk er innspelt av Hungary Festival Orchestra på førehand, og blir avspelt via lydanlegget i operasalen.

 

Musikk: Pyotr Tchaikovsky
Koreografi: L. Iwanow and M. Petipa
Libretto: W. Begitchev and W. Geltzer
Scenografi og kostyme: Vyacheslav Okunev (Mariinsky Theatre)

 

International Festival Ballet (tidlegare St. Petersburg Festival Ballet) med kunstnarisk leiar Alexander Abaturov, vart skipa i 2009 for å presentere tradisjonane og sjela til St. Petersburg-balletten. Mange av aktørane i ensemblet er rekruttert frå The Vaganova School i St. Petersburg, og truppen har gjort stor suksess på turné over heile Europa.

 

Arrangør er Ovation Events

 

Uttale frå kompaniet 8. mars:
"We are Russian ballet, but we are an international team, in which there are many citizens of Ukraine and other countries. We are one family and what is happening now in Ukraine hurts and horrifies us! We are against war! 

On the day the war started on 24.02, our whole band took to the stage in Lyon (FR) and made an anti-war statement https://www.youtube.com/watch?v=STlCRZmrKho.
Since then, before every show we declare a moment of silence and play the Ukrainian anthem as a sign of solidarity. Since then we have decided to drop the name St Petersburg Festival Ballet. This city is no longer a city of great Russian culture, but the home of a bloody dictator. We are now the International Festival Ballet. Please use this name in the future."

 

Framsyninga byrjar kl 19.30 og varer i om lag 2,5 time inkludert pause

 

Billettprisar inkl avg:

Ordinær 575 kr

Barn 325 kr

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.