STRIKKET!

STRIKKET! Glokal Catwalk Show inviterer eit mangfold av profesjonelle kunstnarar og designarar frå 9 land og 4 kontinent til eit kreativt samarbeid med lokale handverkarar og elevar frå Eid vidaregåande skule. Samarbeidet vil kulminere i et performativt catwalkshow 15.01.2022 på Operahuset Nordfjord!

 

 

Forhistoria

28. og 29. august 2021 vart STRIKKET! Glokal Catwalk Show helde for fyrste gong framfor eit levande publikum på Stad Hotell. Det utselde arrangementet hadde ei dyp og svært positiv effekt både på publikum og alle involverte. Arrangementet er inkluderende og let publikum oppleve eit moderne moteshow i distriktet, som også inkluderar deira eigne uttrykk. I tillegg blir lokalbefolkninga til modellar!

 

Når det performative catwalkshowet finn stad på Operahuset Nordfjord vil det bli endå større og meir profesjonelt, med meir enn 100 nasjonale og internasjonale bidragsytarar, samarbeidspartnarar, handtverkarar, kunstnarar, designarar, musikarar, kreative fagfolk, elevar og lærarar fra Eid VGS og UniformPartner AS Selje.

 

Kva er STRIKKET! ?

STRIKKET! er inspirert av landskap og menneske frå Stad Kommune, Vestland, den landlege vestkysten av Noreg, som delar sin kjærleik, sjenerøsitet og kreativitet gjennom handlaga strikkevarer. Etter tider med isolasjon og lockdown, søkjer STRIKKET! å knyte dette pulserande samfunnet opp mot det kreative potensialet til enkeltpersonar frå heile verda. STRIKKET! handler om symbiosen mellom landlig og urban, tradisjonelt og moderne, innovasjon og bærekraft som fremjer resirkulering og oppsirkulering for å bidra til ein endring av dagens verdisystem.

 

Kven? 

Den tyske motedesigneren Julia Kröner Venø er saman med sin norske kunstnermann Bjørn Venø grunnleggar og arrangør av den landlege kunstorganisasjonen Venø Gård KUNST, som er vert for STRIKKET! med Julia som kunstnerisk leiar. Venø Gård KUNST fremjer alternative perspektiv og kreativ utforskning på landsbygda og utover. Under pandemien flytta Julia og Bjørn med dei to små borna sine frå USA til den avsidesliggande øya Venøya utanfor Selje. Dei har via seg til å skape ei rekkje kulturelle tilbud for regionen og folket.

 

Kva vil du oppleve? 

STRIKKET! er ei oppslukande, kreativ oppleving der det lokale bandet SPØT vil feire norsk folkemusikk med tradisjonelle og eksperimentelle arrangement live for catwalkshowet. Publikum vil oppleve kunstinstallasjonar frå den Hong Kong-baserte kunstnaren Karen Chow og den amerikanske tekstilkunstnaren J Baker, kunstprojeksjonar frå billedkunstnaren Bjørn Venø, 3D-animasjon av det London-baserte designstudioet Atelier Öe og ein kortfilm av Marek Stave. Alt dette kjem på toppen av eit performativt catwalkshow med lokale modellar og med arbeid fra strikkarar i samfunnet, mange av dei er eldre personar heilt oppe i 90-åra! 

 

Profesjonelle kunstnarar og designarar frå Hong Kong, Kina, USA, Storbritannia, Finland, Afrika, India, Colombia og Tyskland vil vere representert og er ein del av dei meir enn 100 personane som er involverte i prosjektet. I tillegg får du kreasjonar laga av lokale innbyggarar, i samarbeid med Julia og internasjonale designarar og produsentar. Du får sjå antrekk som nyleg vart vist i Vogue Italia, vist på fashion week i New York og som har vunne store designprisar i Milano og Tyskland! Regnfrakken til det lokale klesmerket one NODE vart presentert under NRK Sommerskuta ombord på Statsraad Lehmkuhl, som en del av NRK si store sommarsatsing.

 

Showet er organisert og presentert av Venø Gård KUNST og Julia Kröner Venø. 

 

 

Showet varer i om lag 1t 30minutt, ikkje pause. 

Unummererte billettar. Showet finn stad i foajeen på Operahuset. 

 

Billettprisar inkl avg: 

Ordinær 350 kr

Studentar/born 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 15 jan 18:00 STRIKKET! 350/250 Kjøp