Riksteatret: Stormfulle høyder

Riksteatret: Stormfulle høyder

Søndag 19. februar kl. 19.00

Ei medrivande og vakker historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik

 

Den foreldrelause guten Heathcliff blir tatt inn av familien på godset Wuthering Heights, og i løpet av kort tid blir han og dottera i familien, Catherine, svært knytte til kvarandre. Den sterke kjensla av tilknyting held seg sjølv etter at Catherine giftar seg med den rike naboen Edgar Linton.


Emily Brontës romanklassikar «Stormfulle høyder» er ei av tidenes største kjærleiksforteljingar. Catherine og Heathcliffs intense kjærleik er tidlaust fascinerande. Her er det ingen heltar. Berre menneske. Drivne av fortviling, hemnlyst og sjalusi. Og av dei destruktive, stormfulle kreftene i naturen.


Mange TV-seriar og filmatiseringar er blitt gjort av «Stormfulle høyder». TV-serien «Normal People» har klare referansar til Brontës verk, og mange har vel høyrt «Wuthering Heights» av Kate Bush?


Med Riksteatret får du oppleve Emma Bones (frå NRKs «Heimebane») og Sverre Breivik (Metteson) som Catherine og Heathcliff i ein moderne versjon av den britiske klassikaren, ei fargerik og musikalsk framsyning om kjærleik og øydeleggjande krefter.


Premiere i Oslo, Nydalen 25. januar 2023. Turnépremiere i Risør 1. februar 2023. 

Av Emily Brontë. Dramatisert av Rebekka Nilsson.

På scena: Emma Bones, Sverre Breivik, Deniz Kaya, Lars August Jørgensen, Mona Huang og Ragnhild Tysse.
Regissør Rebekka Nilsson. Scenograf og kostymedesignar Katja Ebbel. Lysdesignar Oscar Frostad Udbye. Komponist Matthias Sigurdsson. Lyddesignar Morten Haug Serigstad. Dramaturg Florian Hellwig. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Riksteatret.

 

Framsyninga varer i 2 t 20 min inkludert pause

 

Billettprisar ink. avg.:

Ordinær 435 kr

Samarbeidspartnarar 353 kr. Må oppgje kode frå LOfavør, Statnett, ARK, Vi over 60 eller Norsk bibliotekforening 

Gruppe på minst 10 personar  353 kr 

Honnør 353 kr

Coop-medlem 335 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Alle under 30 år 185 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 19 feb 19:00 Riksteatret: Stormfulle høyder 435 Kjøp