Rasmus Wold - Sportsidiot 11. des

Stand Up Norge AS presenterer: 

Rasmus Wold - Sportsidiot

Laurdag 11. desember kl 19.00

Norges mest sportsgale komikar er klar med sitt aller første standupshow!

 

Rasmus Wold elskar sport, men trivst best i sofaen. Så korleis er det eigentleg å leve saman med ein sportsidiot? Og kva er viktigast av fotball og kjærast?


Norge er utruleg nok verdas beste idrettsnasjon per innbyggar. Har dugnadsånda gått for langt i Norge eller har korrupsjon og doping blitt litt av sjarmen?


Rasmus Wold er ein ung komikar som allereie er godt etablert i standupmiljøet. Han har mykje erfaring frå TV, mellom anna «Helt Perfekt» med Thomas Giertsen, «Latter Live» på NRK og seinast som medprogramleiar i «Ramm, ferdig, gå!» saman med Nicolay Ramm. Han nyt også stor suksess i desse dagar med den populære podkasten «Topp 3», som medprogramleiar saman med Mads Hansen. Rasmus Wold blei også nominert til Stå Opp-prisen i 2019. 


Kor mange fotballkampar er det greitt å sjå på ei helg? Er ekspertkommentator ein beskytta tittel? Er sjakk sport? Dette og mykje meir er ting som ein sportsidiot går rundt og grublar på – kjedeleg blir det i alle fall aldri. 

 

Velkomen til årets artigaste sportsarrangement!

 

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til desember. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

Framsyninga varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 295 kr

Student 280 kr

Grupper på minst 8 pers 280 kr per pers

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 11 des 19:00 Rasmus Wold - Sportsidiot 295 Kjøp