Siril Malmedal Hauge i Gymmen
Siril Malmedal Hauge i Gymmen

Siril Malmedal Hauge: "Slowly, slowly"

Onsdag 23. mars kl 20.00 i Gymmen

KJØP BILLETT HER (Tikkio / Gymmen)

Siril Malmedal Hauge lagar musikk som bevegar og fengjer. Med hennar klare og uttrykksfulle stemme, ligg musikken i eit iøyrefallande, men også til tider finurleg, landskap, . 

 

Hennar nye album "Slowly, slowly" kom ut i fjor, og har mottatt strålande kritikkar. Dagsavisen skreiv at albumet etablerer Siril Malmedal Hauge i toppen av norsk musikk. Tekstane varierer frå tyngre til fjærlette tema og blir omtenksamt pakka inn, med knallsterke prestasjonar i alle ledd.

 

Med røter i jazztradisjonen og ei sterk frasering, er Siril er kjent for å vere ein god historieforteljar som også tilpassar seg det instrumentalistiske. Saman med sitt formidable mannskap landar songaren og låtskrivaren sitt ambisiøse prosjekt silkemjukt og fjellstøtt. 

 
"Siril Malmedal Hauge har en skjult ild i seg og det er noe interessant i alle låtene hennes" - Jazzinorge

 

I 2019 mottok ho prisen «årets jazztalent» på Moldejazz, og i 2018 «sølvprisen» til japanske Jazz Critique Magazine for Best Jazz Vocal Album for debutalbumet  «Uncharted Territory». 

 

Bandet:
Siril Malmedal Hauge – vokal, fløyte
Martin Myhre Olsen – saksofonar
Torgeir Hovden Standal – gitarar
Kjetil André Mulelid – piano
Bjørn Marius Hegge – bass
Henrik Lødøen – trommer

 

www.sirilmalmedalhauge.com

 

Billettpris 250 kr

 

KJØP BILLETT HER (Tikkio / Gymmen)

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 23 mar 20:00 Siril Malmedal Hauge i Gymmen Les meir