Sigrid Moldestad 17. okt

Sigrid Moldestad og band

Søndag 17. oktober 

Konserten vart flytta frå 21. mars. Kjøpte billettar er flytta og gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått e-post med informasjon.

 

Sigrid Moldestad kom med sitt sjette soloalbum i februar. Med  “Tonen i meg” tek ho oss med til eit musikalsk landskap med mørkare understraumar enn tidlegare. Hardingfela er fortsatt sterkt til stades på fleire av songane, men det er også eit album som leikar seg i fleire sjangrar. 

 

Sigrid og bandet er kjende for sine sterke live-opptredenar og har jobba opp ei trufast tilhengarskare over fleire år. Sigrid Moldestad har funne fram til sjølve grunntonen i seg på dette albumet. Og tonen er både skjør og kraftfull, hudlaus og trøystande, melankolsk og oppløftande. Her er kontrastane i l ivet, utkrystalliserte i små forteljingar som i grunnen handlar om oss alle. Fortid og notid går hand i hand i mange av songane. Små glimt av ei svunnen tid som set vår urolege tid i relieff. Heile tida med Moldestad si stemme i midten. Som ein varm klem, i den kalde tida.

 

Rundt seg har ho sitt faste band gjennom mange år. Ein utsøkt gjeng leikande, lyttande og utforskande musikarar. Plata er produsert av Yngve L. Sætre og spelt inn i Duper Studio, Bergen.


Sigrid Moldestad Band: 
Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele og ukulele
Jørgen Sandvik: gitarar, gucheng, banjo, lap-steel, mandolin og vokal
Anders Bitustøyl: bass og vokal
Sigbjørn Apeland: trøorgel, piano, farfisa, rhodes og vokal
Kåre Opheim: trommer og vokal
Roald Kaldestad: gitarar, el-gitar, lap-steel, mandolin og vokal

 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

  

Konserten varer i om lag 1,5 time, ikkje pause

 

Billettpris 475 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 17 okt 19:00 Sigrid Moldestad 475 Kjøp