SÂVER 18. juli

SÂVER 

Søndag 18. juli kl 21.00

Det vert seigt, tungt og deilig når sludge-trioen SÂVER står på operascena i regi av Malakoff Rockfestival

 

MiniMalakoff 2021 opnar rett og slett med doom metal i Operahuset Nordfjord! 

 

Viktig billett- og koronainformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Maks 200 publikummarar. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Billettsalet startar fredag 28. mai kl 10.00

 

Dørene opnar kl 20.30, konserten byrjar kl 21.00 og varer i om lag ein time

 

Billettpris 290 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Ledsager/følgjekort? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 18 jul 21:00 SÂVER 290 Kjøp