SAGAS, Opera Nordfjord 13. nov

SAGAS - Opera Nordfjord

NY DATO: Konserten er flytta til laurdag 13. november kl 18.00

Kjøpte billettar er flytta og gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått e-post med informasjon. 

 

Endeleg skal publikum få oppleve den fantastiske orkestermusikken frå kjende fantasy-filmar! Opera Nordfjord nektar å gi opp og flyttar turnéen for andre gong, no til november, for å kunne gjennomføre konsertane som planlagt, med stort kor, stort orkester, solist Sabina Zweiacker og konferansier.

 

Opprinneleg skulle filmmusikk-turnéen gjennomførast våren 2020, men måtte utsettast eit år på grunn av koronapandemien. For å sikre musikarane inntekter i inneverande år, har operaen klart å finne plass i veke 45. 


Korsong har ikkje stått høgt i kurs dette siste året på grunn av stor smittefare ved song, men med utsetting til hausten, og etter effektiv vaksinering over heile landet, vonar ein å igjen kunne samle eit stort felleskor frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule og operakoret til samsong og samspel.


Opera Nordfjord ønskjer velkomen til episke opplevingar med vakker musikk frå kjende fantasyfilmar, som til dømes Harry Potter, Game of Thrones og Narnia - i tillegg byr ein på utdrag frå Carmina Burana og det populære dataspelt Skyrim.


Score og Opera Nordfjord tok publikum med storm våren 2018 og garanterer igjen høg gåsehudfaktor, ellevill speleglede og episk korsong når dei reiser ut på vegen for å mette eit sveltefora publikum!

 

 

Konserten varer i om lag 2,5 time inkl. pause.

 

Billettprisar inkl avg: 
Ordinær 475 kr

Student/ungdom 375 kr

Barn 275 kr


Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 13 nov 18:00 SAGAS, Opera Nordfjord - NY DATO 475/275 Kjøp