Kevin Vågenes - Singel i parterapi

Seefood og Stand Up Norge presenterer stolt:

 

Kevin Vågenes - Singel i parterapi

Onsdag 4. januar kl 19.00

Kevin Vågenes har levd heile livet som singel, men har likevel fått heile Norge til å elske Parterapi.
 
I "Singel i Parterapi" står Kevin Vågenes for aller første gong åleine på humorscena med eit artig, musikalsk og personleg show. I tillegg til å bli betre kjent med Kevin bak maska, får vi møte både Kjell-Simen, Kenneth, Sara-Eline og fleire av dei høgt elska karakterane frå Parterapi-sofaen.
 
Kevin Vågenes er blant dei mest populære komikarane i Norge. Han har eit helt unikt talent som karakterkomikar og lagar typar vi alle kjenner oss igjen i og kan le rått av. Kevin har blitt genierklært for humorserien Parterapi og serien har blitt sett av over 1,3 millioner sjåarar. 
 
Kevin har vunne to Humorprisar, ein Komipris og Gullruten for Beste Humorprogram. Han blei i 2019 tildelt Leif Justers Ærespris og Parterapi vart også nominert til den internasjonale TV-prisen Gullrosen i 2019. 

Han er også kjent frå humorseriar som i Jul i Blodfjell, Nissene over skog og hei, Kollektivet og Mellom Bakkar og Berg.
 
Men det er altså på scena han skin aller best – velkomen til Kevin Vågenes!

 

Showet varer i 1 t 15 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 595 kr

Gruppe 10+ 570 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 04 jan 19:00 Kevin Vågenes – Singel i parterapi 595 Kjøp