Operahistoria på 60 minutt

Operahistoria på 60 minutt 

Fredag 20. januar kl 19.00

Velkomen til eit operashow du aldri før har sett maken til! Vi tar deg gjennom 400 år med operahistorie, på kun 60 minutt (viss vi rekk det). Vi har plukka ut alle operagodbitane og laga ei heilt ny framsyning som skal få DEG til å elske opera. Kanskje plukkar du opp nokre nye artige operafakta, om du allereie er ein operanerd? Opera lenge leve!


"Operahistorien på 60 minutter (hvis vi rekker det)" er ei humoristisk framsyning som tar for seg heile operahistorien på ein time. Med framsyninga ønskjer vi å vise at operaforma famnar mykje meir enn berre Carmen, og at kunstforma opera på ingen måte er utdatert. Ved å framføre høgdepunkta frå heile operahistoria, inviterer vi publikum til å oppleve opera på sitt beste, i ei uformell og humoristisk ramme.

 

Publikum får bli med på ei reise frå Monteverdi på 1600-tallt til kjende komponistar som Mozart, Verdi, Puccini, Wagner og dagsaktuelle Henning Sommero. Operasjangeren blir vist frå si beste side, og utøvarane tar musikken på fullt alvor, sjølv om framsyninga er full av humor.


"Operahistorien på 60 minutter" er skreddarsydd for det uerfarne publikum, men passar også svært godt for dei meir operainteresserte.

Idé, manus og medverkande: 
Hanne Korsbrekke Askeland, sopran
Sara Aasen, sopran
Dagfinn Andersen, baryton
Knut Kristian Mohn, tenor

Pianist: Stefan Ibsen Zlatanos
Regi: Bjørn Sæter

 

Bjørn Sæter er ein erfaren teaterregissør. Han har også regissert fleire musikalar, mellom anna den kritikarroste Les Misérables ved Trøndelag Teater (2006), samt operaen Tryllefløyten for Opera Sør (2012). 
Stefan Ibsen Zlatanos har utdanninga si frå Norges Musikkhøgskole og Hans Eisler Hochschule für Musik Berlin.
Dei fire songarane har alle utdanning frå mellom anna Operahøgskolen, og har brei erfaring innan musikk- og scenekunst.

 

Framsyninga varer i om lag ein time, ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Ordinær 300 kr

Barn, ungdom, student 200 kr

Operaens venner 250 kr (bruk utsendt kode)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 20 jan 19:00 Operahistoria på 60 minutt 300 Kjøp