Operagalla 9. april

Operagalla

Laurdag 9. april kl 18.00

Opera Nordfjord inviterer til operagalla for første gong på 15 år, og dermed for aller første gong i Operahuset Nordfjord!

 

Kjende og kjære operaperler står på programmet, og både kor, orkester og solistar gler seg til å framføre dei vakraste favorittane i eit breitt utval.

 

Det vert gjensyn med Margrethe Strømmen Fredheim, som mange huskar som Mimi i La Bohème i 2018, og tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund på Sunnmøre er kjent for mange, etter opptredenar på TV med KORK. Margrethe er i dag fast tilsett som solist ved Theater Kassel i Tyskland og har tidlegare arbeidd for Opera Erfurt og mellom anna hatt oppdrag for Glyndebourne Festival. Bror Magnus har hatt ei rask karriere og har m.a. vunne Renata Tebaldi-konkurransen og har gjort store roller både ved utanlandske operahus, Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera og Festspillene i Bergen.


Michael Pavelich er dirigent og kormeister og gler seg til å dirigere eit spennande og variert operagallaprogram med noko for einkvar smak. Det KAN for eksempel hende at Slavekoret dukkar opp på repertoaret...


Det er berre å begynne å gle seg til sprudlande overtürer, dei vakraste ariane, dei mest lidenskaplege duettane og mektige korsatsar.

 

Operagallaen blir også sett opp i Førdehuset fredag 8. april og Fosnavåg konserthus søndag 10. april.

 

Konserten varer i om lag 2,5 time inkludert pause

 

Billettprisar inkl. avg:
Vaksne 450 kr
Student 350 kr
Born/ungdom til og med 19 år: 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 09 apr 18:00 Operagalla Opera Nordfjord 450 Kjøp