Ola Kvernbergs Steamdome 2. sept

Malakoff presenterer:

Ola Kvernbergs Steamdome II

Torsdag 2. september kl 20.00

På «Steamdome II: The Hypogean» stiller Ola Kvernberg med eit endå mer blodtrimma mannskap enn sist, same skamlause forhold til sjangermiks og eit nyvunne ønske om å røske deg ut av heimekontoret og gje deg halvannan time musikkterapeutisk fri frå pandemi og globale katastrofar generelt.

 

Med The Hypogean unngår Kvernberg reiserestriksjonane ved å bore seg ned i jordoverflata. Nokre gonger som eit løpsk gravitasjonstog, andre gonger som ei sterk stillegåande maskin gjennom klangfulle bergrom. Destinasjon? Jordas glødande jernhjarte, og i dei siste to åra også åstad for Kvernbergs private escape-room, blotta for spelereglar og med ei ekstensiv tilnærming til kva rytme og harmoniar kan gjere med eit klubbgolv.

 

Då Steamdome dundra gjennom lydmuren for tre år sidan, hagla lovorda frå presse og publikum. Utselde konsertar, fleire høgthengande prisar og ei topp 10 plassering på lista over Norges mestseljande vinylplater seinare, er altså oppfølgaren her. Der debutalbumets dogme var reindyrka, organisk, perkussiv musikk, stiller The Hypogean med synthar, trommemaskiner, preparert piano, arpar, pumpeorgel og vokal. Med jazzmusikaren sitt utålmodige DNA og filmkomponisten sin teft for konsept og drama, er det nemleg aldri eit alternativ for Ola Kvernberg å resirkulere seg sjølv.


På The Hypogean går musikarane ut av sine vante roller. Ola byter gjerne bort fela med trommemaskin og synthbass, bassist Nikolai Hængsle plukkar opp gitaren og Daniel Formo set fyr på lydbildet med heimelaga støymaskiner.

 

Som ein av dei mest allsidige musikarane og komponistane i landet var det møtet med klubbmusikken som skulle tenne gnisten Ola trengde for å starte toget Steamdome i 2017. Med fleire av dei mest toneangjevande musikarane ombord byrja ballen å rulle for alvor. Albumet utvikla seg raskt til bandet Steamdome, og eit av de mest oppsiktsvekkande kommersielle gjennombrota for ein norsk jazzmusikar var eit faktum. Steamdome er i dag sett saman av Ola Kvernberg, medprodusent og trommis/perkusjonist Erik Nylander (Monoswezi, Liarbird, Mechanical Fair), trommis Olaf Olsen (Bigbang, Needlepoint), perkusjonist Martin Windstad (Kurt Nilsen, Todd Terje), bassist og gitarist Nikolai Hængsle (Band of Gold, Bigbang, Møster), Øyvind Blomstrøm (Orions Belte, Odd Nordstoga) og Daniel Buner Formo (Trondheim Jazzorkester, Kobert).

 

«Steamdome II: The Hypogean» er spelt inn av Dag Erik Johansen og Kai Andersen i legendariske Athletic Studio og miksa i Duper Studio av Jørgen Træen. Albumet er ei undergrunnsreise med musikalske nikk til både Gustav Mahler, Fela Kuti, John Williams, Luke Vibert, Kraftwerk, Caetano Veloso, yMusic, Billie Eilish og Squarepusher.

 

Arrangør: Malakoff i samarbeid med Operahuset Nordfjord 

 

Viktig billett- og koronainformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Les meir her om smittevern på arrangement i operahuset. 

 

Konserten byrjar kl 20.00 og varer i om 90 minutt, ikkje pause

 

Billettpris 395 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 02 sep 20:00 Ola Kvernbergs Steamdome 395 Kjøp