NRK Supers julemagi
Onsdag 23. november kl 18.00
Margrethe og Selma i NRK Super set heile familien i julestemning! Med hjelp av Fantorangen, musikar og dansarar byr dei på humor, song og dans, samt ein «magisk» julekalender på storskjerm.
Selma Ibrahim er programleiar i «Supernytt» og «MGPjr».
Margrethe Røed er ein av dei mest drevne programleiarane i NRK Super, og har spilt «Turte» i teaterframsyninga «Jul i Blåfjell» på Oslo Nye teater.
Fantorangen har vore NRK Super sin maskot sidan kanalen starta i 2007, og treng neppe nokon introduksjon.
Showet passar for barn frå fem år og oppover.
Arrangementet varer i om lag 1 t 10 min
Billettpris 275 kr inkl. avg.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.