Nøtteknekkaren 15. november

Nøtteknekkaren, The International Festival Ballet 

Tysdag 15. november kl 19.30 

Ein fullsett operasal fekk hausten 2021 oppleve Svanesjøen frå det internasjonale ballettkompaniet. No kjem dei tilbake, med to ulike framsyningar: 

 

Nøtteknekkaren tysdag 15. november

Svanesjøen onsdag 16. november

 

Nøtteknekkaren har i over 100 år vore ein av dei mest populære ballettane i verda. Fabelaktige Tchaikovsky sin musikk tek oss med inn i juleeventyret. Eit juleselskap blir ei reise inn i ei ung jente sin julenattdraum, full av skumle, vakre og morosame scener. Publikum får vere med Klara og nøtteknekkarprinsen på ei fantasifull eventyrreise . 

 

Musikk: Pyotr Tchaikovsky
Koreografi: M. Petipa and L. Ivanov
Libretto: by I. Vsevolozhsky and M. Petipa
Scenografi og kostyme: Vyacheslav Okunev (Mariinsky Theatre, St. Petersburg)

 

Framifrå solistar og dansarar, fabelaktig scenografi og kostyme kombinert med storslått lyssetting ventar publikum. 

Tchaikovsky sin nydelege musikk er innspelt av Hungary Festival Orchestra på førehand, og blir avspelt via lydanlegget i operasalen.

 

International Festival Ballet (tidlegare St. Petersburg Festival Ballet) med kunstnarisk leiar Alexander Abaturov, vart skipa i 2009 for å presentere tradisjonane og sjela til St. Petersburg-balletten. Mange av aktørane i ensemblet er rekruttert frå The Vaganova School i St. Petersburg, og truppen har gjort stor suksess på turné over heile Europa.

 

Arrangør er Ovation Events

 

Uttale frå kompaniet 8. mars:
"We are Russian ballet, but we are an international team, in which there are many citizens of Ukraine and other countries. We are one family and what is happening now in Ukraine hurts and horrifies us! We are against war! 

On the day the war started on 24.02, our whole band took to the stage in Lyon (FR) and made an anti-war statement https://www.youtube.com/watch?v=STlCRZmrKho.
Since then, before every show we declare a moment of silence and play the Ukrainian anthem as a sign of solidarity. Since then we have decided to drop the name St Petersburg Festival Ballet. This city is no longer a city of great Russian culture, but the home of a bloody dictator. We are now the International Festival Ballet. Please use this name in the future."

 

Framsyninga byrjar kl 19.30 og varer i om lag to timar inkludert pause

 

Billettprisar inkl avg:

Ordinær 575 kr

Barn 325 kr

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.