Nordic Tenors 24. mars

Nordic Tenors - Classics

Torsdag 24. mars kl 19.00

Nordic Tenors reiser på norgesturné med si varme, vakre og virtuose framsyning «Nordic Tenors - Classics». Saman med sin eineståande pianist og nokre av dei beste musikalske arrangørane, pustar den populære trioen nytt liv til evige klassikarar frå Edvard Grieg si tid og fram til i dag.

 

Her får publikum høyre nokre av dei vakraste musikalske høgdepunkta i historia, framført med kløkt og glede av tre av landets finaste stemmer. Framsyninga spenner frå opera og klassiske musikalske uttrykk til populærmusikalske sjangrar og viser. Publikum kan glede seg til hjarterørande musikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøyre øyre. 

 

Nordic Tenors er sett saman av tenorane Roald Haarr, Nils Georg Nilsen og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg den svært anerkjende pianisten Torgeir Koppang. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, opna operaen i Oslo og vunne publikum sine hjarte over heile landet.

 

Konserten varer i 1 t 20 min, ikkje pause

 

Billettpris 415 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 24 mar 19:00 Nordic Tenors - Classics 415 Kjøp