TEATER VESTLAND: Mødrevariasjonar

TEATER VESTLAND: Mødrevariasjonar

Fredag 3. mars kl 19.00

Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle førstegongsfødande. Vi møter dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Også mødrene deira dukkar opp, i tillegg til bestemødrer, vener, kjærastar og tanter. Dei bur på ein plass der nesten alle kjenner nesten alle, og slik kan dei ikkje unngå å møtast både når det er planlagt og elles.

 

Framsyninga ser med skråblikk på lukkelege og ulukkelege omstende, her er det både humor og vemod. Vi får fire variasjonar over det å vere mor, med vestlandsblikk. I tillegg blir det nykomponert musikk og sang, mykje strikking og barnevogner på scena.

 

Kunstnarleg lag:

Dramatikar og regissør: Lene Therese Teigen
Scenograf og kostymedesignar Christine Lohre
Komponist Tov Ramstad
Lysdesignar Krystian Myska
Språkkonsulent manus Tove Bakke

 

Medverkande: Oda Alisøy, Carina Furseth, Idun Losnegård og Katrine Lunde Mackenzie

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time (med atterhald om endringar)

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Ordinær 385 kr

UNG 16-30 år 135 kr

Honnør 315 kr

Gruppe 5+ 315 kr

Teaterven 265 kr (oppgje kode frå Teater Vestland)

BOB-medlem 315 kr

Scenekort: Kontakt post@operahuset.no

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 03 mar 19:00 TEATER VESTLAND: Mødrevariasjonar 385 Kjøp