Landet bakom blått
NY DATO: Fredag 14. oktober kl 19.30
Konserten er flytta frå 19. mars til 14. oktober. Kjøpte billettar er gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått e-post med informasjon.
Stardalen mannskor inviterer til konserten "Landet bakom blått". Gjennom nokre av Odd-Erik Lothe sine songar føl vi draumen om eventyret bakom blånene, utferdstrongen til lands og til havs, og seinare lengten heimatt til røtene.
Songaren, musikaren og komponisten Odd-Erik Lothe frå Kjølsdalen deltek sjølvsagt på konserten. Trygve Apalset er musikalsk leiar, Synnøve Nordvik deltek også som solist, og orkesteret er sett saman av Jørn Moen, Geir Søreide, Eivind Kjørvik, Håvard Nordvik, Torgeir Apalset og Arne Søholt.
Stardalen mannskor har gjort stor suksess med konsertprosjekt som til dømes "Vi vandrar saman i Nynorskens skog", sist i sjølvaste Grieghallen i oktober. Før jul skal dei halde julekonsertar i tre kyrkjer saman med Tomm Kristiansen. I mars blir det ny turné med nytt prosjekt. "Landet bakom blått" kan opplevast i Førde, Sogndal, Sandane og Nordfjordeid. Dette er første gongen Stardalen mannskor har konsert i Operahuset Nordfjord.
Konserten varer i om lag 1 t 20 min, ikkje pause
Billettprisar inkl. avg:
Ordinær 480 kr
Born og skuleungdom 300 kr
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no