Kaveh Rashidi

Kaveh Rashidi: "Kanskje du er frisk?"

Torsdag 19. januar kl. 20.00

Bestseljande forfattar og fastlege Kaveh Rashidi har skrive den kritikarroste boka "Kanskje du er frisk?" (terningkast 5 i Dagbladet) som tar eit oppgjer med alt det unødvendige vi gjer for helsa vår.

 

Nordmenn har aldri vore friskare, likevel brukar vi meir tid og pengar enn nokon gong på å bli endå sunnare. Kaveh går nærare inn på dette paradokset og forklarer skilnaden på god medisin og humbug. Frå kosthald og trening, til medisinar frå legen, eller naturlege kosttilskot. For ikkje å snakke om alt vi unngår for helsa si skuld - ein dag er det raudt kjøt og poteter som er farleg, den neste er det strålinga frå høgspentmaster.

 

Blir vi eigentleg friskare av å følgje alle råda? Media, bloggar, reklame og Google bombarderar oss med helseinformasjon. Alternativ medisin tener milliardar på vår frykt og dårlege samvit. Kaveh Rashidi skal lære deg å skilje dei gode råda frå dei dårlege.

 

Arrangementet varer i om lag ein time, ikkje pause

 

Billettpris 390 kr inkl avg

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 19 jan 20:00 Kaveh Rashidi 390 Kjøp