Jul med Odd Nordstoga 17. des

Jul med Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester

Fredag 17. desember kl 18.30 og EKSTRA kl 21.00

Då Odd Nordstoga spelte inn juleplate og drog på juleturné med Det Norske Kammerorkester i 2018, var det fyrste gongen Odd hadde sin egen julekonsert, og den blei møtt med fulle hus og knakande gode meldingar over heile landet. Jul og Odd Nordstoga er og har vore kjent og kjært for dei fleste, med Jul i Svingen på NRK, Strålande Jul med Sissel og Odd, og julekonsert på NRK1 med Det Norske Kammerorkester vesle julaftan seier sitt.

 

Med eitt av verdas beste orkester i ryggen, og ei svært kritikarrost juleplate i bagasjen, ser vi ingen grunn til å ikkje setje opp juleturné for Odd Nordstoga i år òg! Du får høyre Jul i Svingen med han som har laga den, i tillegg til alle dei andre julesongane du tenker på med Odd Nordstoga.

 

Dette blir årets julegåve frå Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester. Vel møtt til høgtidsam og humørfylt julekonsert som osar av god stemning og utsøkt musisering. Det blir garantert god jul!

 

Sagt om konserten: 
«Var det ikke dét vi visste: Odd Nordstoga og julen er som skapt for hverandre.» – 5/6 Fedrelandsvennen

«Lykken er en julekonsert, i hvert fall når det er Odd Nordstoga som står for den.» – 5/6 Hamar Arbeiderblad

«Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester har på mesterlig vis klart å forene det folkelige med det høystemte.» – 5/6 Aftenposten

«Odd Nordstoga og Kammerorkesteret har lagd et variert album som kan nytes til både julebrus og juleakevitt.» – 5/6 Dagbladet

 

Konsertane byrjar kl 18.30 og 21.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause

 

Billettpris 620 kr inkl avg

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no