Jubileumskonsert Eid vgs 100 år
Torsdag 2. mars kl 18.00
Eid vidaregåande skule feirar i desse dagar 100-årsjubileum. Skulen inviterer til jubileumskonsert med innslag frå dei ulike musikalane som Eid vgs har sett opp sidan 2006.
Artistar: Håkon Bøen, Eline Jacobsen Lillestøl, Ingrid Tykhelle Kayser, Aleksander Raftevold, Johanne Holmeide-Ilje, Alexa Melheim Bakkebø, Martha Pavelich og Sunniva Honningsvåg.
Alle er tidlegare elevar ved Eid vgs som etter at dei gjekk ut har utdanna seg til profesjonelle musikarar og songarar, så dette vert ein flott musikalkonsert verdig ei 100-årsmarkering!
Det vert også historisk tilbakeblikk ved Trygve Espe.
Billettprisen er berre 100 kroner for 100 år!
Konserten varer i om lag 1,5 time, ikkje pause
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.