Riksteatret: Jeanne d´Arc

Riksteatret: Jeanne d’Arc

Tysdag 1. november kl 19.00

Kva er vi villige til å kjempe for i dag?

 

Haustens storsatsing på Riksteatret er historia om den unge jenta som gjekk i døden for ei sak ho trudde på. Kven var Jeanne d’Arc, og kor kom motet hennar frå? Kva er det med skjebnen hennar som framleis rører ved oss - seks hundre år etter at ho blei brent på bålet, og gjort til helgen?


Historia om Jeanne d´Arc vedkjem oss. Også i dag ser vi at mange er villige til å ofre livet for noko dei opplever som større enn dei sjølve. Kan ein samanlikne kampen hennar med det?


Regien er ved Eline Arbo. Når Arbo lagar teater om historiske skikkelsar, ser ho dei med vår tids auge. - Jeanne d´Arc passa ikkje inn i samfunnet, seier ho. Ho kjempa åleine og måtte gå i døden for si eiga overtyding.

 

Om du møter Jeanne d ‘Arc for første gong eller kjenner historia frå før, er du hjarteleg velkomen i teateret. Slik verda no er blitt, kjennest det ekstra meiningsfylt å lage framsyningar som kan vekke engasjement for ei betre verd.

 

Premiere i Oslo 26. august. Turnépremiere i Svolvær 31. august. 

 

Med Monica Dybwad, Elias Moussaoui Anseth, Gorm Grømer, Oscar Jean, Eirik Langås Jørgensen og Mats Moe.

Av Lucas Svensson. Omsett av Oda Fiskum. Regissør Eline Arbo. Scenograf Olav Myrtvedt. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Lysdesignar Øyvind Wangensteen. Komponist Thijs van Vuure. Dramaturg Oda Radoor. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.

Foto: Julie Pike

 

Framsyninga varer i om lag 1 t 40 min, ikkje pause

 

Billettprisar:

Ordinær 415 kr

Samarbeidspartnarar 335 kr. Må oppgje kode frå LOfavør, Statnett, ARK, Bokklubben, Kulturforbundet i Delta, Vi over 60 , Norsk bibliotekforening eller Teatervenner.

Gruppe på minst 10 personar  335 kr 

Honnør 335 kr

Coop-medlem 315 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Alle under 30 år 175 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 01 nov 19:00 Riksteatret: Jeanne d´Arc 415 Kjøp