Danseframsyninga "Jakob" 

Fredag 19. november kl 19.00

Jakob er ei danseframsyning med to mannlege utøvarar som utforskar eit avhengighetsforhold mellom to menneske, og den friksjonen og maktforskyvninga som oppstår då. Det er også ein studie av eit emosjonelt forhold mellom to menn. Den maskuline intimiteten som blir skildra her handlar ikkje nødvendigvis om det romantiske eller det seksuelle, men omfamnar alle typar relasjonar.

 

Tony Tran og Knut Vikstrøm Precht inviterer publikum inn i ein leiken og fysisk koreografi som undersøker korleis ein relasjon kan vere avgrensande, frigjerande, støttande og destruktiv på same tid. Publikum blir med på ei utforsking av både utøvarane sine og eigne grenser for intimitet, vennskap og kjærleik, og spenninga som ligg i overgangen mellom alle desse fasane og kjenslene. Samtidig bryt stykket med den tradisjonelle framstillinga av maskulinitet og dei konvensjonelle forventingane til kjønnsrollene. Forholdet som blir skildra i Jakob framstår som audmjukt og ekte, understøtta av eit utforskande og metaforisk kroppsspråk.

 

Verket er vidareføringa av Tran sitt pågåande arbeid om makt og identitet i menneskelege relasjonar. Korleis påverkar relasjonar og dualitet, det at vi ikkje lenger er åleine, dei vala vi tar som enkeltindivid? Korleis formar dette oppførselen vår og dei individuelle handlingane våre? Og korleis møter vi den andre?

 

Koreografi: Tony Tran
Skaping og utøvarar: Tony Tran & Knut Vikstrøm Precht
Dramaturgi: Thomas Schaupp
Musikk-komposisjon: Magnus Bugge
Lysdesign: Tobias Leira
Foto: Jacob-Andreas Leonardsen

 

Støtta av Nordisk Kulturfond, SPENN, Kulturrådet, Kulturkontakt Nord, Oslo Kommune, Fond for utøvende kunstnere, i-Portunus

 

Framsyninga blir arrangert i regi av og samarbeid med Dansenett Norge

 

Framsyninga byrjar kl 19.00 og varer i om lag 45 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl avg: 

Ordinær 230 kr

Student / ungdom / barn 150 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 19 nov 19:00 Danseframsyninga JAKOB 230 Kjøp