Høna, egget og reven 12. sept

Riksteatret: Høna, egget og reven 

Søndag 12. september 2021 kl 17.00

Det er ikkje så artig å vere Høna når Egget hennar plutseleg blir vekke. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

 

Riksteatret byr på en nyklekka teaterframsyning for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av garde på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spennande og verdsomspennande reise. Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei følest heilt riktig.

 

Høna, egget og reven er ei morosam framsyning om vennskap, tilhøyre og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!

 

Kritikarane seier: 

«Veldig fengende, humørfylt og fullt av overraskelser» – Dagsavisen, terningkast fem
«Morsomt teater for de minste» - Vårt Land

«Magisk barneteater om høner og egg (…) Det er fantastisk vakkert» - Aftenposten

«Ein munter, moderne variant av eventyrformelen dreg ut på vegen» - Dag og Tid

«Det visuelle universet er fantastisk» - Periskop

 

For barn frå 4 år og alle vaksne.

 

På scena: Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine

 

Regissør Gunnar Eiriksson, kostymedesignar og scenograf Kathrine Tolo, scenograf og videodesignar Torbjørn Ljunggren, scenograf og lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson, produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen og dramatikar Nelly Winterhalder. Av Nelly Winterhalder. Produsert av Riksteatret. 

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varer i ein time, ikkje pause

 

Billettprisar:

Ordinær (barn, vaksen, pensjonist, student) 225 kr

Familiepris (gruppe 4 eller fleire) 185 kr 

Samarbeidspartnarar 185 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

Coop-medlem 175 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 12 sep 17:00 Høna, egget og reven // Riksteatret 225 Kjøp